Søknadsfristane til vidaregåande opplæring er 1. februar 2011 for dei som søkjer om inntak med behov for spesialundervisning, lærekontrak med unntak frå opplæringsordninga eller opplæringskontrak, og 1. mars 2011 for dei som søkjer om ordinært inntak til vidaregåande skolar og formidling til bedrift.
Kven skal registrere seg på vigo.no
Alle ungdommar som har rett til vidaregåande opplæring skal gå inn og registrere seg enten som søkjar til skole eller opplæring i bedrift, eller at dei ikkje skal søkje vidaregåande opplæring.
Grunnen til at dei som ikkje skal søkje vidaregåande opplæring også skal gå inn og registrere årsak til at dei ikkje søkjer, er at Møre og Romsdal fylkeskommune også har ansvar for oppfølging av ungdom mellom 16 og 21 år som ikkje er i opplæring. Vi ønskjer difor tidleg å få ei oversikt over kva for planar dei som ikkje søkjer vidaregåande opplæring har for komande skoleår. Alle ungdommar mellom 16 og 21 år som har rett til vidaregåande opplæring vil bli kontakta av oppfølgingstenesta (OT) dersom dei ikkje søkjer vidaregåande opplæring. Sjå meir om OT på vilbli.no
Også dei som ikkje har rett til vidaregåande opplæring kan søkje om inntak til vidaregåande opplæring på vigo.no men desse vil i inntaket bli prioritert etter dei som har rett til vidaregåande opplæring.
Sjå info om søking 2011-2012
Brevet vert også lagt ut på heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune