Søk om utstyrsstipend!

Publisert 10. juni 2011 09:08:54 av Ingunn Tranvåg Hoff
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.

 Når kan eg søkje?

Du må takke ja til skoleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skoleplass.

 Kvar kan eg søkje?

 Korleis får eg pengane?

1.       Du logger inn og sjekkar resultatet av søknaden på Dine siderlanekassen.no.

2.       Når søknaden er behandla, kjem stipendmeldinga/gjeldsbrevet til skolen din. Hent brevet der når skolen startar til hausten. Ingen får utbetalt pengar før skolen har starta.

3.       For å få pengane til kontoen din må du skrive under på brevet (stipendmeldinga/gjeldsbrevet) og sende det tilbake til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under.

Les meir på lanekassen.no og sjekk ut Lånekassen på Facebook.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.