Skolestart med eitt minutts stillheit

Publisert 18. august 2011 15:48:33 av Ingunn Tranvåg Hoff
På skoleårets første dag møttest elevane i fleire omgongar, først i gymsalen på lokalitet Ørskog kl. 9 og i Borgundhallen for lokalitet Spjelavik, Vg1 kl. 11 og ein time etter, Vg2 og Vg3.

Fungerande rektor, Arne Tangen; ønskte velkommen. Han fortalte bl.a. at skolen har stor søkning og lange ventelister dette året, og ei hovudmålsetting var å utdanne fagfolk for framtida. Skolen og lærarane ville gjere det dei kunne for at skoleåret skulle bli lærerikt og triveleg, og han håpte elevane også ville gjere sitt for å skape eit godt læringsmiljø.

Han kom inn på den forferdelege terroraksjonen som skjedde 22.juli på Utøya og i regjeringskvartalet. "Den gjorde sterkt inntrykk på meg som alle andre. Eg har ikkje ord for kor fælt det var at unge vart massakrert denne julidagen. Ingen av dei som vart drepne hadde søkt på Borgund vgs, men vi vart alle ramma, og vi veit at somme kjende til nokon av dei eller var i slekt med dei som vart drept". For å vise solidaritet oppfordra han til eitt minutts stillheit, og alle i gymsalen på Ørskog og i Borgundhallen var heilt stille for å minnast dei omkomne. Dei som ønskjer å vise meir solidaritet, kan klistre opp eit raudt hjarte på banneren nord i kantineområdet.

Etter ein del praktisk informasjon og presentasjon av avdelingsleiarane, rådgivarane og skolevakta, følgde elevane kontaktlærarane sin kvar til sine rom på skolen.

Ei lite utval av Vg1-elevane i Borgundhallen Konstituert rektor, Arne Tangen; ønskjer nye elevar velkomne. I døra står skolevakt Odd Magne Godø og døvetolk.

Allereide før elevane var komne i gang i skolebygninga, var dei første raude hjarta klistra opp på banneret til minne om og i solidaritet med dei ungdommane som vart drepne på Utøya i sommar. Elevar på Vg2 på veg til klasseromma i skolebygget

Tekst og foto: Atle Grebstad Eliassen

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.