Samling etter 55 år

Publisert 26. mai 2011 09:02:31 av Ingunn Tranvåg Hoff
13 av dei elevane som gjekk på Borgund yrkesskule i 1955-56, møttest igjen på nye Borgund vgs ein fredag i mai.

Fleire hadde ikkje sett kvarandre sidan den gongen, men dei hadde mange felles minne som kom fram. Arne Tangen tok dei først med på ei omvisning i dagens skulebygningar som i dag ikkje har igjen noko frå desse 50åra, og dei var veldig imponert over lokalitetane. Etter omvisning og ein presentasjon av historia til skulen med bilde og kommentarar, møttest elevane frå midten av 50-talet til felles middag i byen.

 

Frå venstre: Jarle Giske, Giske - Rolf Rørhuus, Skodje - Leonard Solvik, Aukra - Laurits Sjøholt, Aure - Randulf Krogsæter, Tomrefjord - Ola Rønneberg, Ålesund - Edvin Westerlund, Stranda - Johan O. Synes, Vigra - Ove Fylling, Ålesund - Johan Dyrkorn, Stordal - Ole Flisnes, Ålesund - Oddvar Kipperberg, Ålesund - Henry Hansen, Ellingsøy

 Tekst og Foto: Atle Grebstad Eliassen

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.