Minnerik offisiell opning av to byggesteg og Borgundhallen

Publisert 15. desember 2009 15:54:42 av Ingunn Tranvåg Hoff
Mange gjester, elevane og tilsette ved Borgund vgs var med på den offisielle opninga av byggesteg 2, 3 og Borgundhallen fredag 11. desember.

Fylkesordførar Olav Bratland markerte opninga med tre gonger tre hurrarop for eit av dei mest moderne skolebygga i landet og den største skolesatsinga nokon gong i Møre og Romsdal. Over 400 mill er brukt så langt.

Gjestene fekk først omvising rundt i dei praktfulle bygningane, og dei vart storleg imponert over lokalitetane. Mange av gjestene kom også med helsingstalar og overrekte flotte gåver til skolen ved rektor Jessie Strand Fagervoll. Gåvene var store maleri, vasar, blomster, ja, til og med ein snøplog som skulen vil få nytte av i mange år.

Dei kulturelle innslaga under opninga i Borgundhallen var også på eit høgt nivå som mange sette pris på. Her framførte Borgundblåsarane på messinginstrument nokre fine nummer. Ålesund Sportsdrill viste rytmisk godt gjennomført sportsdrill, og elevgruppa Elfap slo til med fengande, rytmisk irsk musikk som publikum i Borgundhallen sette stor pris på. Fire av dei seks i gruppa er elevar ved Borgund vgs.

Den minnerike og flotte offisielle opninga vart avslutta med med festmiddag og talar i kantineområdet for gjestene og dei tilsette. Også her var det overrekking av gåver og kulturelle innslag. Arne Bjørdal skildra med ord og tonar og på ein artig måte den historiske utviklinga i skolen. Sigurd Eriksen stod for tonefølgjet på piano.

Tekst og foto: Atle G. Eliassen

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as