Alt fra morgonen av starta elevane med å lage til matrettane og øve på dans og presentasjonane. Ved lunchtida var alt klart og langbord dekka. På kjøkkenet kunne elevar og lærarar på helseservice forsyne seg av herlige, smakfulle, men også ukjende matrettar. Etterpå fekk vi dei kulturelle innslaga som var både gode og interessante og ei god dekning av kapitlet «Kommunikasjon med fleirkulturelle» i faget «Kommunikasjon og samhandling». Med andre ord ein skikkeleg triveleg dag på helseservice både for elevar og lærarar.
|
|
|
|
|
Tekst og foto: Atle G. Eliassen