Publisert 26. oktober 2011 08:52:49 av Ingunn Tranvåg Hoff
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.
Er du elev eller lærling i vidaregåande opplæring, kan du ha rett til fleire ulike stipend og lån. Bruk støttekalkulatoren på lanekassen.no for å sjekke kor mykje du kan få. Lærlingar får ikkje utstyrsstipend.
Søk når du har takka ja til skoleplass
Du må takke ja til skoleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån.
Dersom du ombestemmer deg
Du må sende ein ny søknad dersom
- du skifter skole
- studieprogrammet du fekk støtte til, har lågare beløp for utstyrsstipend enn det nye studieprogrammet.
Det er derfor lurt at du er sikker på kva skole du vil velje, før du søkjer om støtte.
Du treng ikkje å sende ny søknad dersom
- du skifter studieprogram på same skole.
- studieprogrammet du fekk støtte til, har høgare beløp for utstyrsstipend enn det nye programmet.
Kvar søkjer eg?
Korleis får eg pengane?
- Du loggar inn og sjekkar resultatet av søknaden på Dine sider på lanekassen.no.
- Når søknaden er behandla, kjem stipendmeldinga/gjeldsbrevet til skolen din.
- For å få pengane til kontoen din må du skrive under på brevet (stipendmeldinga/gjeldsbrevet) og sende det tilbake til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under.
Søknadsfrist
Søknaden må vere kommen inn til Lånekassen innan
- 15. november for hausten 2011
- 15. mars for våren 2012
Les meir på lanekassen.no og sjekk ut Lånekassen på Facebook.