Oppdraget elevane fekk 17. mars var å samle inn flest mogleg kroner til det rusførebyggande arbeidet som stiftelsen gjer. Elevane arbeidde i grupper og laga forretningsplan for korleis dei skulle få dette til. Ideane var mange og engasjementet stort.
Ikkje alle planane let seg gjennomføre, og somme grupper slo seg saman eller endra planane under vegs, men dei alle fleste viste stort engasjement for saka.
Helen Longva Fet i Ungt Entreprenørskap vart stolt over den måten elevane gjennomførte dette prosjektet på, og ho har brukt Borgundelevane som eksempel i sitt arbeid med elevbedrifter.
Leiar i Stiftelsen, Frode Tafjord, vil formidle dette engasjementet til Borgundelevane i eit program i Frukost TV på TV2 som skal sendast ut på hausten i år.
"Pengane som har kome inn, vil bli brukt på best mogleg måte i kampen mot rus. Dei vil faktisk vere med på å berge liv. Det er utruleg viktig å engasjere seg mot rus og gjere dei rette vala i livet og seie nei til rus", sa han til slutt og uttrykte stor takksemd for pengesummen.
Sjå Tv-8 sunnmøre sitt innslag om overrekking av pengene til Stiftelsen.
http://tv-8.no/tvs/video.php?vid=4e030e8fc
|
|
|
|
|
|
Tekst og foto: Atle Grebstad Eliassen