HS-elevane engasjerer seg

Publisert 18. mars 2011 08:48:32 av Ingunn Tranvåg Hoff
HS-elevane engasjerer seg sterkt i kampen mot rus. Heile 150 elevar ved avdeling Helse- og sosialfag gjennomførte torsdag 17. mars ein gründercamp for stiftelsen Camilla Tafjords sin kamp mot rus.

Oppdraget gjekk først ut på å lage ein forretningsplan som skulle vise korleis elevane kan få inn pengar til formålet. Innsatsen vidare  skal gjerast på fritida i perioden 17. mars til 17.mai. 
Stort engasjement
Elevane viste stort engasjement og kreativitet , og dei to juryane vart både imponert og rørt over innsatsviljen. Dei 20 elevgruppene presenterte forretningsplanane sin for ein jury som hadde fått i oppdrag å premiere dei fire beste. 1.premien var ein segltur med Frode Tafjord og flotte ulltrøyer frå Devold. På vinnargruppa var desse med:  Merete Espenakk, Joanna Antoniak, Linn Alstadsæter, Nora Ali, Sandra Ibi Bjåstad og Lydia Abrahamsen. Tittel på forretningsplanen var Russtopperne.

Lan-helg 15.-17. april
Vinnargruppa skal arrangere ein Borgund Lan ved å invitere elevar ved skulen og deira venner til eit slikt arrangement frå fredag kveld til søndag, der aktiviteten også skal gå føre seg om natta. Då skal  dei spele mot kvarandre på data ved å kople seg opp mot Internett. IT-avdelinga har allereide avklart at dette let seg gjere.

Høgtideleg overrekking
26, mai skal pengane som elevane får inn, overrekkast stiftelsen ved ei høgtidleg tilstelling på skulen. Spenninga framover blir kor mange kroner elevane greier å få inn til formålet.

Sjå innslag frå gündercampen på TV 8 Sunnmøre her

Vinnargruppa. Desse elevane hadde den beste forretningsplanen og får segltur med Frode Tafjord og ulltrøyer frå Devold  

Eli Bente Skarbøvik frå politiet var ein av dei personane som kunne søkje hjelp hos i arbeidet med forretningsplanen Ein del av juryen på fremste benk som vart både imponert og rørt over engasjementet til elevane på HS-avdelinga.

Frode Tafjord i stiftelsen Camilla Tafjords var djupt takknemleg for det arbeidet som elevane vil gjere for stiftelsen. Informasjonsplakaten til Stiftelsen Camilla Tafjord

Tekst og foto: Atle Grebstad Eliassen

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.