/ Forsiden / Siste nytt / Utstilling av elevarbeid
Utstilling av elevarbeid
Ole Jonny Jansson er elev ved Borgund vgs avdeling ATO. Ole Jonny likar veldig godt å teikne og har no laga ei utstilling med nokre av dei bileta han har teikna og mala i kunst- og handverk timane på skolen.
På utstillinga Ole Jonny har laga i administrasjonsbygget utan for Biblioteket, er det bilete teikna med tusjpenn, contèkrit og pastellkrit, nokre monotypiar, kortmotiv laga med blokktrykk og nokre akvarellar. Tema for utstillinga er: NATUR og MENNESKE. Ole Jonny har og teke med nokre eksempel på teikningar med motiv frå teikneseriar o.l. som han likar å lage. Desse teikningane er oftast teikna og fargelagt med tusj, og motiva er rike på detaljer.