/ Forsiden / Siste nytt / Skolestart i fleire omgongar for rektor
Skolestart i fleire omgongar for rektor
Sitat frå rektors si side: ”Så er vi godt i gang med skoleåret 2010-2011!
Ny kompetanse skal på plass, og tida er knapp. Det er mykje du som elev skal kunne og meistre før skoleåret er omme.
Fokuset på gode undervegsvurderingar til deg som elev og eit godt samarbeid med foreldra dine eller andre føresette, har difor høg prioritet på skolen.
Fagfolk for framtida, lokalt og globalt "kjem ikkje rekande på ei fjøl" – dei blir til gjennom målretta og hardt arbeid. Å utdanne seg til eit yrke er ei øving i utholdenhet. Det kan høyrest kjedeleg ut, men gleda som de elevar viser med å lære ny kunnskap og nye ferdigheter, viser at hardt arbeid utviklar og former mennesket.
Skoleåret 2010-2011 vil heilt sikkert få mange høgdepunkt, men eit av dei første er HKH Kronprins Håkon si vitjing den 30. september – då skal han lære oss om "verdighet", og den 20.oktober markerer vi Global Dignity Day”.
|
|
|