/ Forsiden / Siste nytt / Historisk skoleavslutning i Borgundhallen
Historisk skoleavslutning i Borgundhallen
Avdelingsleiar Arne Bjørdal leia arrangementet. Eldbjørg Nesheim opna samlinga med songen ”Sorgen og gleden”. Dette for å minne oss på at også dette skoleåret har vi mista ein elev, Stig Magne Fjørtoft.
Elevane hadde sjølve flotte innslag av sang og musikk: Tonje Naustenget med song, Karoline Grønningsæter Gjerde med song og Robert Sung Tafjord Iversen med gitar akkompagnement, Siri Ryan med song og Heidi Haram med pianostykket ”River Flows in You” – det siste ein hyllest til Stig Magne Fjørtoft.
Kent Are Torvik bad rektor om å klippe av ei flette som han har spart på heile skoleåret, dette i respekt for det skolen står for. Fletta vart klipt til full applaus.
Oppsummering av skoleåret: Fråværet har gått ned frå i fjor, talet på undervisningsgrupper som har vore under 4% ein eller fleire månader er kome opp i 25. Talet på elevar med 0 dagar og 0 timar i fråvær har også auka frå 20 i fjor til 28 i år. Og talet på elevar med 3 dagar fråvær eller mindre er auka frå 85 i fjor til 98 i år. (For desse elevar er det ikkje trekt frå ein einaste time.) Fråværet totalt på skolen har gått ned frå 8,77% til 7,65%.
Gjennomsnittleg eksamenskarakter inneverande år er på 3,92 før sentralgitt engelsk er på plass. Gjennomsnittleg eksamenskarakter i 2009 var 3,73.
Årets undervisningsgruppe: 3ELAU har flest månader med under 4%, totalt på året 3,2%. Bl.a pga lite fråvær og at alle elevane har God i orden og åtferd, vart noko av bakgrunnen til at 3ELAU kåra til årets undervisningsgruppe.
Årets elev(ar): 9 elevar hadde inneverande skoleår 5,5 eller meir i snittkarakter. Alle desse elevane hadde svært lite fråvær og sjølvsagt God i orden og åtferd. Årets elev vart Charlotte Iren Børsen på VG1 elektro som hadde høgst snitt av alle.
Rektors tale handla om utvikling av identiteten – å vite kven ein er, om å utvikle integriteten for å vere den ein ønskjer å vere og om å ta utdanning for å skape ein fagidentitet som igjen utviklar både identitet og integritet. Temaet vart belyst med litt opplesing frå barneboka ”Tonje Glimmerdal” av Maria Parr. Talen vart avslutta slik: ” Kjære dokke – kva er det eg prøver å seie: jau, at utdanninga di er det viktig at du tek på alvor, for den skal både skape identiteten din, utvikle integriteten din og med den skal du vere eit mirakel for andre, den skal skape mirakel for andre. Det er bl.a gjennom den kunnskapen, ferdigheitene og holdningane du skal møte andre menneske og møte øyeblikka i livet ditt på ein slik måte at det er godt å leve”.
Takk til elevrådet for flott innsats – elevrådet har særleg vore engasjerte i høve til skolens fokus på rus og skoleskyss. Den siste saka vil elevrådet arbeide vidare med.
|
|
|
| 3ELAU1 - årets undervisningsgruppe. | Eldbjørg Nesheim opna samlinga med song. |
|
|
|
| Charlotte Iren Børsen - årets elev | Elevrådet |