Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon:

Borgund vidaregåande skole
Yrkesskolevegen 20
6011 Ålesund

borgund.vgs@mrfylke.no

Lokalitet Ørskog:
Telefon: 70170000
Telefon: 70170000
Fax: 70170001

/ Forsiden / Siste nytt / Elfap med fengande flott irsk folkemusikk

Elfap med fengande flott irsk folkemusikk

Under den offisielle opninga av nybygga på Borgund vgs 11. desember, vart publikum riven med i fengande, flott irsk musikk.

På scena stod fire elevar frå vår skole, ein frå Fagerlia vgs og ein går ungdomsskulen. Gruppa kallar seg Elfap, som er etter inspirasjon av personlege interesser og alvar.

Både «The fishermans blues» og ikkje minst «Ratting bog», som siste nummer, gjorde at publukum dvs inviterte gjester, alle elevane og tilsette vart imponert over desse ungdommane. Dei hadde ei fantastisk speleglede og god driv over musikken som appelerte til publikum.

- Det er irsk folkemusikk og eigentleg pubsangar vi har på reportuaret, seier Kent Are Torvik og Ole Ander Nogva, begge elevar på TIP. Vi starta for eitt år sidan, har hatt 10-15 opptreden og har nye spelejobbar i sikte, men vi har aldri spelt for eit så stort publikum som i Borgundhallen.

Elfap gjekk i år vidare på Ungdommens kulturmønstring og vann publikumsprisen under UKM i Valldal og har stor suksess allereide etter kort tid.
- Det viktigaste er at vi har det gøy i lag, og det blir ein liten slant også, seier dei.

(Tekst og foto: Atle G. Eliassen)